Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Norway  Cup,  dag  2

Norway Cup, dag 2

Elinor Bolme Måndag 29. juli 2013

Da er allerede resultata etter 2. dag på Ekebergsletta og Norway Cup begynt å tikke inn. KUST G14 11’er laget har no på føremiddagen vunne sin kamp 3-0 mot Nordstrand 3. Laget spela svært godt med mange målsjansar i første omgang men det sto likevel 0-0 til pause. Frikk Hauglann Talgø starta 2. omgangen med 1-0 og sidan fekk Sindre Lundquist Aune og Pål Reiten inn kvart sitt mål.

KUST G14 7’er laget tapte desverre 0-4 mot Hattfjelldal, med er fortsatt ved godt mot fordi, skriv Heid Snekvik. Laget skal seinare i dag møte NFF med Per Ravn Omdal i spissen i forbindelse med Fair Play-prisen som IL Søya fekk tidlegare i år.

STKU J14 er også ferdig med sin 2. kamp. Dei måtte gå av banen uten scoring, men klarte likevel 0-0 mot Kjelsås. Dermed er det nok størst sjanse for at det blir B-sluttspill.

Vi har laga eit galleri over innkomne bilder så langt, og kjem til å oppdatere dette etterkvart som bilda og resultata kjem inn utover dagen.

Publisert: 29. juli 2013, 11:42