Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Norway Cup dag 2

Elinor Bolme Måndag 28. juli 2014

Tre av dei fire lokale laga «våre» har også i dag vore i aksjon under Norway Cup. J14 tapa dessverre 0-3  mot eit litt sterkare Skjoldar lag frå Rogaland. J16 (hovedbildet) vann derimot 3-0 over Hødd.  Her var det Rakel Kvande som scora 2 mål, og Oda Ansnes som scora det siste.

G14 klarte 1-1 mot Follese FK og der var det Torstein Snekvik som sette inn det eine målet.

G16 spelar i kveld mot Fjellhamar. Der har vi ikkje snappa opp resultatet enda.

Torstein Snekvik scora mot Follese IL. Både far og sønn Snekvik verkar fornøgd med det.

Begge Snekvikkarane verkar fornøgd etter G14 kampen. Om det var sluttresultatet, vêret eller forestående feiring av ein bursdag dei glede seg over skal ikkje seiast for sikkert.

Foto: Idrettslaget Søya si Facebook side.

Publisert: 28. juli 2014, 21:49