Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Norsk  vandrefestival  –  opning  ved  Nauståfossen

Norsk vandrefestival – opning ved Nauståfossen

Jon Olav Ørsal Onsdag 14. juli 2010

I tida 10. – 15. august blir det stor aktivitet, når Norsk vandrefestival skal arrangerast for første gong. Den består av mange arrangement i komunane Surnadal, Halsa og Rindal, med basecamp på Kårvatn og offisiell opning i Nauståfossen på Kårvatn tysdag 10. august kl 12.00.
Det er Kristin Krohn Devold, generalsekretær i DNT, som foretek den offisielle opninga. Ordførarane i dei tre arrangørkommunane deltek også på opninga. Etterpå serverer Todalen sanitetsforening lunch på Kårvatn.

Vidare startar Vandrekonferansen, som og fortsett på onsdag. Stortingsrepresentant Jenny Klinge skal være konferansier under konferansen, der programmet inneheld mange interessante foredrag med kjente foredragshaldarar både kjendisar og lokale aktørar. Kan f.eks. nemne Rune Gjeldnes, Nils Røv, og todalingane Gudmund Kårvatn og Torill Redalen.

Programmet for festivalen er også variert, med arrangement i alle dei tre kommunane på «indre». Den delen som vil gå føre seg i Todalen er først og fremst knytta til Kårvatn, der det tysdag er festivalkveld med mat musikk og dans. Men det blir også Basecamp med Gudmund Kårvatn og Rune Gjeldnes, samt kurs i kiting. Svinviks arboret har ope kvar dag under festivalen, og kan mellom anna by på piknik i arboretet. Det blir også arrangert tinderanglingskurs og tur over Skjerdingfjellet for den som vil ha litt luft under vengene. Dette er det Trollheimen Mountaineering som er ansvarleg for.

I det heiletatt eit variert tilbod, der eit eller anna heilt sikkert passar for deg også. nedafor kan du laste ned både konferanseprogrammet og programmet for festivalveka elles. Du finn alle opplysningar om festivalen på heimesida til Norsk Vandrefestival.

Last ned konferanseprogrammet og festivalprogrammet her. Der finn du også info om påmelding og prisar.

Publisert: 14. juli 2010, 00:01