Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Norsk Laksefestival – full fart heile helga

Jon Olav Ørsal Onsdag 22. juni 2016

Komande torsdag er det premiere for årets laksefestival. Den startar alt på føremiddagen med fagkonferanse, der det blir sett fokus på laksefisket og villaksen. Men laksefestivalen er så mykje meir det, og det bys både på konsertar, tivoli, marknadsgate, fiskekonkurranse og mange andre ting frå scena framfor Surnadal kulturhus.

Norsk laksefestival engasjerer både lag og organisasjonar og næringslivet med sitt arrangement. Både I.L. Søya og Todalen Idrettslag er engasjert med vakthald og mange har salsboder for å by fram sine varer og tenester eller berre vise seg fram i marknadsgata.  Heile programmet for festivalen finn du på nettsidene til Norsk Laksefestival, men vi nemner nokre av høgdepunkta dei 4 dagane som festivalen pågår – frå torsdag 23.  til søndag 26. juni.

Laksfestival_9460

Tivoliet held det gåande heile helga. Arkivfoto: Jon Olav Ørsal

Torsdag blir festivalen som sagt sparka i gang med fagkonferanse for villaksen og det blir full rulle på Tivoli før dagen blir avslutta med «Gau-Quiz» på Vårsøg hotell.

Fredag kl 12 opnar marknadsgata som omfattar området i Skei sentrum og strekkjer seg nedover miljøgata mot Amfisentret. Eit anna hovudpunkt er fiskekonkurransen i Surna, der det skal kjempast om å bli årets laksekonge og den gjeve pengpremien på 30.000. Vidare utover kvelden er det allsong frå hovudscena og utekonsert med DJ Bigfoot og Dyna/Mite .

Glimt frå marknadsgata under fjorårets laksefestival. Arkivfoto: Jon Olav Ørsal

Laurdag står Energikampen på programmet og det blir sjakkturnering i teltet ved Kiwi. Vidare er det talentkonkurranse i Amfisentret, der det årets Amfitalent skal kårast og fortsett med konsert med Surnadal hornmusikk på hovudscena. Kl 15 skal vinnaren av fiskekonkurransen kårast på torgplassen ved kulturhuset. Kvelden blir runda av med utekonsert på hovudscena, der CC Cowboys , Charlie Rackstead and The Sticlesbergen Ramlers underhalder.

Søndag som er avslutningsdagen byr på familiedag med smell på Angråmyra på føremiddagen og fortsett med «Det store andeløpet» utover ettermiddagen og sjølvsagt premieutdeling. Der får vi også opptreden av vinnaren av årets Amfitalent før Erik Mogeno sett i gang med avslutningsshowet.

Publisert: 22. juni 2016, 09:27