Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nordvik grendalag: Inviterer til fredagsquiz

Jon Olav Ørsal Onsdag 23. januar 2019

Førstkomande fredagskveld blir du invitert til å bli med og sette ditt eige kunnskapsnivå på prøve. Det skjer i Nordvik forsamlingshus frå kl. 20.00 og det er grendelaget som står som arrangør av fredagsquiz. – Dette er eit prøveprosjekt, seier Ola Magne Nordvik som er «spørsmålmakar» denne kvelden, og han fortel at det vil bli både lokale spørsmål og spørsmål med regionalt og nasjonalt tilsnitt.

Grendalaget byr på servering av kaffe og snacks frå kiosken, fortel Ola Magne som håpar at mange tek turen til Nordvik denne kvelden.  Fredagsquizen blir organisert som lag med 4 personar på kvart lag. – Still gjerne med eine lag dersom det er ønskeleg, men det blir også høve til å «hekte seg på» eit lag. Så alle får bli med på konkurransen, seier arrangøren som oppførdrar deltakarane til å lage god namn på laga.

Premieringa er nok mest basert på heider og ære, men det vil og bli premie til vinnarlaget.  Inngangsbilletten kostar ein hundrelapp, og så er det berre å ta med godt humør og kom. Alle er velkomne til fredagsquiz i grendehuset, står det i invitasjonen!

 

Publisert: 23. januar 2019, 09:25