Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nordmøre har imponert kongeparet

Jon Olav Ørsal Torsdag 22. mai 2014

Dronning Sonja var imponert over Nordmørsnaturen, og kan godt tenke seg å kome attende ein gong, og kanskje da med fjellsko, fortalte ho på det korte pressemøtet torsdag. I sin tale skrytte ho av mottakinga i Surnadal, og av programmet under det 1,5 timer lange besøket. Dei avslutta besøket med ei mottaking på Kongeskipet, før dei «stakk til sjøs».

I talen sin nemnte ho både Vårsøg, Todalshytta, fotturane i Trollheimen og ga skryt til kulturkommunen Surnadal og var så vidt over kommunegrensa også og Lady Arbouthnott. Kong Harald avduka skulpturen av laksefiskaren «Ved elvebredda» som er laga av Surnadalskunstnaren Ole Mauset, og den var både kongen og dronninga begeistra for.

Det var eit rikhalding og allsidig kulturprogram Surnadal kommune bydde kongeparet, og dei vart mottekne med «No e sola komma», sjølv om det regna så det plask ei kort stund førut. Elles var det både korsong, solosong, Taekwondo-oppvisning, beatboxing og mykje og variert musikk.

Svein Sæter kåserte om laksen og laksefisket, før kong Harald avduka laksefiskarskulpturen. Så var det tid for å takke, før turen gikk attende til kongeskipet «Norge» og mottakinga som altså avslutta kongebesøket.

Vi har lagt ut eit assortert bildegalleri frå kulturprogrammet som foregikk framfor kulturhuset i Surnadal.  Foto: Jon Olav Ørsal og Kjetil Sogge.

 

Først publisert: 22. mai 2014, 21:39 - Sist oppdatert: 23. mai 2014, 09:17