Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nordisk biblioteksveke også i Todalen

Elinor Bolme Måndag 13. november 2017

Todalen skule og Todalen FAU inviterte i kveld til høgtlesning, quiz og boklån i forbindelse med at det denne veka er den nordiske bibliotekveka.

Britt Mossing starta med å lese eit utdrag av boka Skatteøya av Mauri Kunnas. Boka er ein underholdene gjendiktning av Robert Louis Stevensons klassiske sjørøverfortelling. Og boka er felles tilrettelagt for alle dei nordiske landa denne veka.

Ellers hadde Britt ordna ein spennande quiz med fokus Norden, med mange fine bok-premiar til ungane. FAU sto for servering av frukt og grønsaker i alskens variantar som fell i smak hos ungane.

Her var det jaggu mange flagg, og alle med tilhørigheit Norden. Heldigvis var det bøker å finne svaret i på biblioteket for den som sto fast.

Konsentrert lagarbeid.

Nils Erik og Markus samarbeidde om quizen.

Selma vart kveldens vinnar med flest rette svar.

Publisert: 13. november 2017, 23:17