Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Nokre trossa styggveret

Nokre trossa styggveret

Elinor Bolme Måndag 4. mars 2013

Ikkje så alt for mange trossa styggveret laurdag og tok turen til Sanitetshuset på strikkekaffe. Men dei som kom fekk også denne gongen sitte i triveleg selskap og utveksle erfaringar og beundringar for arbeidet sitt. Nokon gjekk også denne gongen heimatt med ny lærdom på strikkefronten.

Gunvor Kvenset hadde ikkje planer om å ta turen i styggveret, men då Jorunn Ness fortalte det vart servert bakels denne dagen, berre måtte ho.

Under er eit galleri av nokre av prosjekta som damene hadde med seg. Ikkje alle likar så godt å bli teke bilde av, så dette vart eit kompromi. Neste strikkekaffe blir laurdag 6. april.

Publisert: 4. mars 2013, 08:23