Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nok snø og regn – no treng vi betre vårvêr

Jon Olav Ørsal Tysdag 31. mars 2020

Det er travle dagar på Hageland i Surnadal.  Hagemøblane er forlengst på plass i butikken, og no gjer busker og planter sitt inntog i butikken.  Det meste må være på plass når vårsesongen startar den 2. april, sjølv om snøbygane går rundt novene på butikken på Syltøran.

Spør ein gartnar – Hubertine Roebroek veit det meste om ting som spirer og gror! Foto: Jon Olav Ørsal

Men no er tida komen, og vêret skiftar fort, og alt i neste veke tyder meldingane på at våren er i full anmarsj og dermed meir varme i lufta. Sjølv om dette er ein heilt spesiell vår, med virusfrykt og mykje usikkerheit, så trur vi at dei fleste lengtar etter litt meir sol og varme no. Mange har nok begynt å planlegge aktivitetane i hagen – kva som skal gjerast eller kva som skal plantast. På hageland er våraktivitetane klare, med ein masse god tilbod samla i ein DM.

På Hageland tek dei koronakrisa på alvor. Antibacflaska står i inngangen og dei oppforsdrar folk til å halde avstand både til tilsette og andre kundar, fortel Borghild B. Talgø Foto: Jon Olav Ørsal

I døra på Hageland Surnadal står Antibac-flaska og tek i mot deg. Dei tek koronaviruset og smittefaren på alvor, og oppfordrar deg til å ta forholdsreglar med vask av hender før du går inn i butikken og dei oppfordrar deg til å halde avstand både til tilsette og til andre kundar inne i butikken.

No er det tilbud på kukompost!

Det er faktisk ein fordel å starte vårsesongen litt tidleg når situasjonen er slik, for no kan vi kan spreie handel litt og unngå at det blir for mykje folk i butikken samtidig, seier Borghild Talgø på Hageland.    – Derfor har vi ope heilt til kl. 18 på kvardagar, og har også ope på søndag ettermiddag til kl. 17, seier Talgø.

Først publisert: 31. mars 2020, 20:00 - Sist oppdatert: 14. april 2020, 15:42