Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nok ein gjestearbeidar har fått påvist Covid19-smitte

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 17. januar 2021

Vi har akkurat fått informasjon frå kommuneoverlegen om at enda ein gjestearbeiar har fått påvist Covid19-smitte. Seint i går kveld fekk kommuneoverlegen melding om at det var registrert nok eit smittetilfelle. Det er ingen samanheng mellom det nye tilfellet av importsmitte og dei vi fekk melding om i går. 

Ein utanlandsk gjestearbeidar i innreisekarantene har fått bekrefta positivt prøveresultat etter å ha testa seg fredag. Personen er isolert og arbeidsgjevar er varsla. Tre kollegaer i same reisefølge er sett i nærkontaktkarantene. Desse tre vil bli testa på nytt tysdag. 

Igjen dreier det seg om importsmitte hos ein person som var i karantene og ikkje om smitte som sirkulerer fritt i kommunen. Situasjonen er under kontroll, men bekreftar det store smittetrykket vi har frå utlandet og kor viktig det er med obligatorisk testing og strenge karantenereglar. 

Kommuneoverlegen melder om godt samarbeid med alle involverte partar, inklusive lokale arbeidsgjevarar. Dei sørger for matombringing, både til dei som er i isolat og til dei som er sett i nærkontaktkarantene. 

Publisert: 17. januar 2021, 09:45