Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
No monteres sikringsnettet

No monteres sikringsnettet

Jon Olav Ørsal Torsdag 31. oktober 2013

Betongrenovering Drift As har no starta monteringa av mastene som skal halde sikringsnettet på plass. Dei er 6 meter høge og er tunge løft som tøyer krankapasiteten til bristepunktet med tanke på rekkevidde. De 3 første av i alt 10 master var komne på plass onsdag, og dei blir no forankra med kraftige virar.

Når alle mastene er på plass vil sikringsnettet blir dratt ut og festa mellom mastene, og til slutt skal det moterast eit meir finmaska nett på innsida for å ta i mot småstein og rusk som eventuelt kan kome nedover rastraseen.

Elles skal det sprenges ut litt meir plass til veg på øversida, slik at det blir sikra at heile vegbanen ligg på fast fjell. Dette er noe renska og klargjort for boring og sprengning.

Kjør forsiktig forbi rasstaden!
Det er no fartssone med max. 30 km/t forbi rasstaden på grunn av anleggsarbeidet. Montørane klagar på at mange ikkje overheld fartgrensa. Dette er direkte livsfarleg medan det foregår arbeid i området. Vis hensyn og hald fartsgrensa, slik at ein slepp at det blir lysregulering av trafikken igjen.

Først publisert: 31. oktober 2013, 05:00 - Sist oppdatert: 30. oktober 2013, 20:01