Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vatn i kranane igjen – men med kokepåbud

Jon Olav Ørsal Sundag 20. juli 2014

Da er leveransen av vatn i gang i gjen frå Bjøråa vassverk. Dei får ikkje retta feilen på renseanlegget før måndag, og difor sender dei no urensa vatn ut til abonnentane til vassverket. Difor blir abonnentane inntil vidare pålagt kokepåbud for vatn som skal brukast til drikke eller matlaging.

Renseanlegg_4724

Renseanlegget som lagar trøbbel for vassleveringa frå det kommunale vassverket. Foto: Jon Olav Ørsal

Vi stakk innom styringssentralen i Brusetmarka, og der var Sigurd Sæter frå Surnadal kommune i fullt arbeid med å betre leveringssituasjonen som har gått på redusert effekt det siste døgnet. Han tykte det var ein fortvila situasjon, for anlegget leverer vatn både til Todalshytta, Brusetgrenda og boligfeltet på Flathauan. Og med både bryllup og slektsstemne innafor leveringsområdet tykte han det var fortvilt at dette problemet skulle oppstå denne helga. Akkurat da vi var der leverte anlegget 18 liter i minuttet, og da tek det nok litt tid før dei klarer å fylle opp slik at dei øverste abonnentane får vatn.

Sæter trudde kanskje at dei måtte ty til siste utveg, som er å levere urensa vatn på nettet. Da må de i såfall gå ut med kokepåbud og varsle alle abonnentane via SMS. Vatn er tross alt eit næringsmiddel og urensa vatn kan ikkje brukat til drikke eller matlaging utan å kokast. Straks etter at vi var innom gikk det ut SMS-melding til alle abonnentane om leveranse av urensa vatn, og dermed skulle den verste krisa være over for denne gongen.

Hos familien Saksen Ulvund var det ikkje ein einaste dråpe i kranen, og med mange gjestar på besøk var det sjølvsagt fullt i oppvaskmaskina og på oppvaskbenken i tillegg til stort behov for dusjing og peronleg hygiene. Kristine var klar i sitt krav om å få vatn i kranen – rensa eller urensa. Det er tross alt berre å koke det vatnet som skal brukast til drikke eller matlaging, sa Kristine. No er nok oppvaskmaskina komen i full drift.

Alf_Inge_4733

Ikkje ein dråpe i kranen, og ikkje sus i rørene ein gong, konstaterer Alf Inge Ulvund. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 20. juli 2014, 13:10