Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

No kjem våren kjem for fullt….

Jon Olav Ørsal Tysdag 22. april 2014

Så snart påska er det «dags» for meir vår og sommaraktivitetar. Skiene blir sett bort og det er fram med sykkelen og nye joggesko. Eit sikkert vårtegn er også at ein startar førebuing på meir liv ute i hagen, med grilling av hagestell. På Gammelfabrikken er det ikkje noko unntak, og tysdag etter påske var Magne Søyset og Einar Husby i gang med vårpussen på terrassane.

Første jobben var reingjering av terrassane, og deretter litt olje der det var behov og mest slitasje. På har  Gammelfabrikken er det høgsesong med kundebesøk i vårsesongen, så no er det klargjering av terassane før hagemøblane kjem på plass.

Terrasseolje_EinarH_0613

Viktig med skikkeleg reingjering før ein startar påføring av olje. Grønske og anna lort må vekk. Her rullar Einar Husby på olje på terrassetroppa i parkanlegget. Foto: Jon Olav Ørsal

Bjørn Haugland, som er salgssjef for MøreRoyal, seier det er like så viktig med skikkeleg renhald – som med vedlikehald med olje. han legg vekt på at det er viktig at ein vaskar vekk grønske og anna lort som har lagt seg bl.a. i rillane. Terrassen kan godt stå fleire år før ein påfører ny olje, dersom terassen blir halden rein.  Ved bruk av olje vil ein sjølvsagt få finare glød i treet, men dei første 10-12 åra kan ein godt bruke olje utan fargetilsetting. Seinare kan ein bruke litt fargetilsetjing i olja., med tanke på utsjånaden.

Terrasse_MagneS_0631

Finpussen er det like godt å ta med ein pensel, seier Magne Søyset. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 22. april 2014, 14:47