Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

No hastar det med å få på plass busslomme for Sollifeltet

Jon Olav Ørsal Tysdag 25. februar 2020

Nordvik Grendalag aksjonerer no for å få busslomme i tilknyting til Sollifeltet på Nordvik.  Det er i dag eit 10-tals barn som går på skulebussen frå Sollifeltet, og om få år er talet oppe i 15-20. I dag er det vegkrysset opp til Sollifeltet som er bruka til «busslomme», og det er både farleg og uoversiktleg.

Her ligg Sollifeltet på Nordvik – no vil dei ha ein tryggare skuleveg. Foto: Jon Olav Ørsal

Det er stor trafikk både inn til- og ut frå Todalen på denne tida, og når ein veit kor uvørdne borna kan være så er det lett å forstå kor lett ei ulukke kan skje.  Sjølv om det er 60-sone forbi her, så opplever vi at mange av bilane har stor fart forbi her, seier aksjonleiar Karin Åsbø. Og barnetalet berre aukar- det er no under bygging ein ny einebustad i byggefeltet.

Ved «1» er den nye busslommen planlagt. Da vil borna kunne nytte gangstien ned frå byggefeltet og borna frå Sletnesvegen treng å passere fylkesvegen ein gong. Når borna kjem att frå skulen blir det omvendt. Illustrasjon: Nordvik Grendaleg. I dag er det krysset «2» som er nytta til «busslomme».

For å få til ei sikker løysing sett Nordvik grendalag krav om at det blir bygd ein ny busslomme, der forslaget går ut på at ein nyttar ein gangsti ned frå Sollifeltet til busslommen. På andre sida av vegen er det tidlegare etablert ein provisorisk busslomme. Dersom ein rustar opp busslommane på begge sider vil ein på denne måten få til ei løysing slik at borna – både ovafor og nedafor fylkesvegen – berre treng å krysse fylkesvegen ein gong.

Grendalaget appellerer no til politikarane om å støtte prosjektet, slik at ein får på plass ny busslomme slik at borna i området kan få ein trygg og god skuleveg.

Det er stor trafikk ut- og inn til Todalen på morgonkvisten. No er det på tide med ny busslomme og auka trafikksikkerheit. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 25. februar 2020, 21:11