Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
No er det merka til topps!

No er det merka til topps!

Elinor Bolme Måndag 29. juli 2013

Etter bildeserien frå Sulå har vi fått tilsendt nokre bilder frå stimerkingsgjengen på Nordvik, som no har merka heilt til toppen av Sulå. Line og Ola Nordvik tok turen oppover etter at regnet gav seg laurdag kveld, og fekk med seg ein nydeleg solnedgang før dei gjekk ned att etter endt arbeid.

Under ser vi merking frå Svarthammaren, der det var betydelege mengder multekart laurdag.

Utsikta er upåklageleg.

Ola Nordvik ber impregnert pålar til skiltinga til topps.

Ola festar skiltet over høgdemetrane på varden. Heilt sikkert etter siste kartverkmåling…

Kveldssola laurdag 27.7.2013

Frå varden på Ytter Sulå. Redaksjonen takkar Line Strandheim Nordvik for bilder!

Publisert: 29. juli 2013, 06:30