Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

No e sola kåmma!

Elinor Bolme Sundag 27. januar 2019

Ja, i dag har vi sett ho i deler av bygda i alle fall. 27. januar er ein merkedag for fleire av husstandane på Husby da sola kliv over fjella og tittar så vidt inn stueglasa nokre etterlengta minutt. Mange har i dag nytt dagen ute i det fine, men litt kalde vêret. Både etter veg til fots eller med spark, på ekrene med ski eller kanskje nytt ein fjelltur i retteleg pudderføre. 

Slike dagar tinar vi litt opp, og gir oss til og med litt vårstemning om ein tek turen uti stranda kor sola har vore framme litt lengre og smeltar snø nedover lange istappar.

Sola har arbeidd godt uti stranda, og isen veks no for kvar dag som går. Bilistar må vere litt oppmerksame på strekninga da issvullar held på å komme inn i vegbanen enkelte plassar.

Både Yr og Storm melder om moderate kuldegrader rundt 5-6 minus i neste langtidsperiode, men om dei treffer gjenstår å sjå. Det stabile føret vil nok vedvare ei stund ennå.

Send oss gjerne bilder frå fine vinteropplevingar til dagens bilde!

Publisert: 27. januar 2019, 17:34