Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

No blir det basartid utover hausten

Jon Olav Ørsal Onsdag 10. oktober 2018

Søndag 28. oktober melder Todalen idrettslag om basar til inntekt for Trimgruppa og Ski- og friidrettsgruppa i fellesskap. – Det skjer i Todalen ungdomshus, og startar kl. 16.00. Programmet står basarbord, åresal og utdeling av premiar for lagseriestemne og for trimbøkene som no har slutta av sommarsesongen.

Gunnar Nordvik vil vise ein lysbildeserie frå den tida da det han og ei gruppe ungar7ungdomar drei med fjellklatring som hobby. Det blir eit triveleg gjensyn etter mange år! Elles blir det sal av kaffe, graut og bakels.

Førehandssal kjem til å forega på Matkroken Todalen fredag 19. og laurdag 20. oktober i opningstida. Basarkomiteen tek imot basartingar med stor takk, og ønskjer alle velkomne på basar.

Publisert: 10. oktober 2018, 22:08