Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Nils Ove er i sporet….

Nils Ove er i sporet….

Jon Olav Ørsal Sundag 3. mars 2013

Nils Ove Bruset har starta på den 90 km lange turen frå Sälen til Mora i Vasaloppet 2013. Det er han ikkje aleine om, for det er i år 15.800 deltakarar fra mange nasjonar som er påmeldt som deltakarar i årets Vasalopp. Dersom du følger med på sendinga fra Vasaloppet på TV2, kan du sjå etter startnummer 13477, og på den digitale resultatservicen har vi alt registrert at han har passert Mångsbodarna på mellomtida 1.55.39 i skrivende stund (kl 10.05).

Vasaloppet er et svensk turløp i langrenn. Det arrangeres den første søndagen i mars hvert år, og går mellom Sälen og Mora i Dalarna, en strekning på 90 km. (kilde: Wikipedia).  Nils Ove Bruset har gått Vasaloppet fleire gong før, men i år er han einaste deltakar frå Todalen I.L.  Du kan  halde eit euge med passeringane dersom du følgjer oppdateringa av resultatlinken frå Vasaloppet 2013.

Etterord:
Nils Ove fullførte Vasaloppet med glans, og kom i mål på tida 07:10:55, og fikk dermed plassering som nummer 5392 av dei 15.800 som starta. Godt gjort, og vi gratulerer med fin innsats! Det hører og med til historia at det vart norske vinnarar i både herre og dameklassen. Jørgen Aukland i herreklassen og Laila Kveli i dameklassen.

Først publisert: 3. mars 2013, 11:03 - Sist oppdatert: 4. mars 2013, 21:08