Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nils Olav Talgøy: På tur med Hurtigruten

Jon Olav Ørsal Fredag 28. mars 2014

Torsdag var Surnadal pensjonistlag samla til medlemstreff i kantina på Surnadal sjukeheim. Eit 60-tal av dei 150 medlemane var møtt opp for å delta på «Hurtigrutetur» saman med naturfotografen Nils Olav Talgøy. Nils Olav er nok godt kjent for todalingane, mest for at han budde og arbeidet ei årrekkje i Todalen, men han har også sine aner frå Todalen.

Det var i juli 2010 at Nils Olav tok med familien, og sjølvsagt kameraet ombord på Hurtigruten. Turen gikk frå Kristiansund til Kirkenes, og retur. Når ein dreg på slike turar er nok værtilhøva omtrent som å spele bingo, og eit av måla til Nils Olav var å få høve til å fotografere kysten i minattsol. Det glapp nok for han denne gongen, men han hadde likevel mange fine motiv, både av folk, natur, dyr og ikkje minst fuglar. Det må være litt av ei oppleving å ta ein slik tur, og samtidig ha mulegheit til å bruke kamera nærast døgnet rundt.

Etterpå var det traktering med snittar og kaffe og litt musikalsk underhaldning med det trufaste  husorkesteret til pensjonistlaget. Oddmund Solem trakterte trekkspell og Fredrik Sjøflot hadde med fløyta.

Bilder frå pensjonisttreffet på kantina til sjukeheimen.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 28. mars 2014, 19:25