Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Nesten sommartemperatur

Nesten sommartemperatur

Jon Olav Ørsal Sundag 15. november 2009

Jon Bruset melder om 15,8 varmegrader på Småhjellå i går. Etter fleire dagar med kaldvær og kuldgrader, så kom altså synnåvind og mildvær.
Jon har gjort noteringar om temperaturen sidan 1990, og han sier at gårdagens notering er den 5. høgaste som er gjort i november i løpet av denne perioden. Rekorden kom i november 2003, da det ein dag vart notert maxtemperatur på 20,8 grader. Jon seier at det er eit typisk trekk at rekordane er notert etter årtusenskiftet.

Publisert: 15. november 2009, 10:42