Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nesten 4000 trimturar sist år

Elinor Bolme Måndag 13. oktober 2014

Søndag ettermiddag var det full fres under trim- og friidrettsgruppa sin årlege basar i Ungdomshuset. Pilkast, lykkehjul, åresalg og ein kopp ettermiddagskaffe med græt og bakels sette basarsteminga definitivt på plass. Mange flotte gevinstar var innkommet, pluss at idrettslaget sjølv hadde kjøpt inn ein populærtrøbil som hovedgevinst.

Ski- og friidrettsgruppa delte ut deltakarpremiar til alle som hadde delteke på lagseriestemnet denne sesongen. Her hadde det vore arrangert 8 kveldar, med 36 ulike deltakarar til saman. På grunn av snømangel vart det aldri arrangert barn i løypa sist sesong, slik at det heller ikkje var utdeling av hverken skimerke eller deltakarpremiar her.

Trimgruppa delte deretter ut krus for alle de med mest antall turar på dei 9 trimbøkene som er plassert rundt om i bygda. Heile 3991 signeringar er gjort på dei ulike bøkene, og fleire er det nok som har vore ute på desse turane, da ikkje alle nødvendig vis skriv seg inn. Fordelinga på dei ulike bøkene i siste trimår var som følger:

  • Ansnessetra 229 stk
  • Fauskhjellen 532 stk
  • Tårnet 391 stk
  • Storhaugen 689 stk
  • Haukarsteinen 663 stk
  • Dalasetra 301 stk
  • Løfta 321 stk
  • GAmmelsetra 383 stk
  • Talgøsetra 482 stk

Dei som ikkje var på basaren og vart heidra med krus kan hente dei på Matkroken. Oppdatert liste med navn kjem etterkvart. I tillegg til krus for flest turar vart det også uttrekt ein tilfeldig pr bok som før om åra.

Totalt kom det inn ca 25 000 kroner på basaren, der rundt 15 000 av desse kom inn på førehandssalget på Matkroken. Idrettslaget takkar så mykje både for premiar og ikkje minst kjøp av loddar før og under basaren.

Under er eit galleri fra ettermiddagen i Todalen Ungdomshus. Alle foto ElinorB.

Først publisert: 13. oktober 2014, 06:00 - Sist oppdatert: 12. oktober 2014, 22:04