Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Neste tur frå Todalen kl 16.30

Neste tur frå Todalen kl 16.30

Jon Olav Ørsal Måndag 5. august 2013

Etter ein lang tur frå Harstad og nattarbeid for mannskapet på Maursund må dei no ha ein kvilepause på nokre timar før dei kan fortsette transporten. Dei kjøretøya som det hasta mest med å få transportert er no komme seg dit dei skal, slik den mest prekære situasjonen er dermed løyst på kort sikt.  Neste avgang frå Todalen med landgangsfartøyet blir kl 16.30.

 Resten av kvelden køyrer Maursund etter behov mellom Todalen og Svinvika, og frå i morgon tysdag skal vi ha ei meir permanent rute klar, melder rådmann Knut Haugen i Surnadal kommune.

Hurtigbåten går etter den oppsette ruta utover dagen.  Rutetider finn du opp til høgre på Todalen.no

Publisert: 5. august 2013, 12:14