Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Nest heldigast!

Nest heldigast!

Elinor Bolme Laurdag 8. januar 2011

Todalen Idrettslag ligg på ein solid andreplass i Møre og Romsdal etter at Norsk Tipping har gjordt opp statusen på fjorårets  totale grasrotandel. Grasrotandelen er ei lettent inntekt til lag og organisasjoner som registrerer seg i Frivilligheitsregisteret.  Kvar gong ein som har ein registrert grasrotmottakar då tippar, vil 5% av innsatsen gå til «ditt»  registrerte lag eller organisasjon.

Grasrotandelen gjev 5 % av innsats i følgende spill: Lotto, Vikinglotto, Keno, Joker, Tipping, Oddsen. Extra og Flax inngår med anna  ikkje i Grasrotandelen.

Her i Todalen var det i fjor berre Todalen Idrettslag og Todalen Sanitetsforening som var registrerte i Frivilligheitsregisteret. Og ved å sjå på oversikta kan ein for eksempel lesa at Saniteten har 45 tilknytta spelarar og får 9702 kroner, medan idrettslaget har 68 tilknytte og får utbetalt 218 909 kroner! Berre Molde Fotballklubb overgår Todalen Idrettslag med248 369 innkomne kroner fordelt på 517 spelarar.

Nokre fleire å måla seg opp i mot:      

Todalen IL 218.909 kr/ 68 tilknytte

IL Søya 30.474 kr/78 tilknytte

Surnadal IL 85.224 kr/195 tilknytte

Ålesund FK 179.909 kr/419 tilknytte

Sunndal Røde Kors 132.198 kr/200 tilknytte

Betna IL 77.252 kr/35 tilknytte

For å sjå oversikta over alle Grasrotandelane kan du gå hit.

Publisert: 8. januar 2011, 18:05