Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

NC-sprint på Voss: – Erik sikra seg pallplass

Jon Olav Ørsal Sundag 10. januar 2021

På dagens sprintkonkurranse i randonee på Voss sikra Erik Kårvatn seg 3.-plassen og dermed pallplass i Seniorklassen.  Ein imponerande innsats av junioren som blir 18 år om eit par månader. Dagens konkurranse gikk i Bavallen på Voss, der det var 20-30 cm nysnø og fine løyper og tilhøve elles, fortel Erik til Todalen.no.

Tøft heat i semifinalen, Erik avansereer opp booting, med Hans Inge Klette hakk i hel. Hans Inge er ein av dei leiande i verda når det gjeld sprint, så spanande å måla krefter mot verdseliten. Foto: G. Kårvatn

Erik kom i på tida 3:11, berre 13 sekund etter Hans-Inge Klette som hadde beste tid og 4 sekund etter Trym Dalset Lødøen som sikra seg andreplassen. Edvard Sætran Solli fra Torvikbukt kom inn på 8.-plass 1:11 etter vinnaren. 

Neste runde med NorgesCup går i Settemsdalen, og det skjer laurdag 27.02.  Muligens blir det ein runde til Molde siste helga i januar, men det er usikkert om det blir NC-arrangement.  I Mars, nærare bestemt  20. – 21. mars går NC Kårvatn Skimo på heimebane – der blir det individuell på laurdag  og sprint på søndagen.

Erik på tur ned ein verkeleg fin sprinttrasee. Det var ein spanande finale, Erik kom litt seint ut i starten, men tok kraftig innpå frå siste halvdel, og var på hælane til Trym før nedkjøyringa. 4 sekund skilte dei to i mål. Foto: G. Kårvatn

 

Publisert: 10. januar 2021, 15:30