Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Nauståfossen – turforslag

Nauståfossen – turforslag

Jon Olav Ørsal Torsdag 21. juni 2012

Frå Jon Bruset har vi fått ein e-post med ein serie med bilder frå Nauståfossen. Han anbefaler å ta ein tur for å sjå på fossen no. Han skriv: «Etter regnveret i natt var Nauståfossen eit mektig skue i dag. Ta turen og opplev fossen med stor vassføring. Ein kort og lett tur på flat mark. Den som vil gå litt lengre, kan fortsette etter merka sti til trimposten ved Naustådalsetra.»

Vi kan nok godt slutte oss til den oppfordringa, og dersom ein tyder vêrmeldinga rett, så blir det kanskje fint turvêr med god temperatur. Meldingane går på sør- og søraustleg vindretning, og da blir det kanskje både sol og varme.  Du kan følge med utviklinga på været for Todalen på yr.no og Storm.

Nauståfossen etter regnvêr – i mange variantar.    Alle foto: Jon Bruset

Først publisert: 21. juni 2012, 05:00 - Sist oppdatert: 24. juni 2012, 23:12