Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Naust måtte vike plass for veg

Naust måtte vike plass for veg

Jon Olav Ørsal Måndag 15. oktober 2012
Den korte vegstumpen som ingen ville eige har omsider fått sin eigar. Statens Vegvesen er den formelle eigar, og måndag starta dei jobben med å ruste opp denne vegstumpen som går frå Nerbu og ut til Nesset. Eit falleferdig naust, som nerast hadde bikka bortpå vegen, måtte i dag vike plass for vegutbetringa. Det er Veidekke som har jobben med vegutbetringa, og dei sørga også for å rive det gamle naustet med gravemaskina.

Terje Nordvik, som er nabo og involvert i saka om dei tidlegar «eigarlause» vegen, fortel at vegsaka no er løyst og at Statens vegvesen no vil ruste opp denne vegstumpen og legge fast dekke. Deretter vil dei endre statusen til kommuneveg, og gi den bort til Surnadal kommune. Dermed blir Surnadal kommune eigar av heile strekninga mellom Nerbu og Ansneset. Dermed  kan ein vel seie at asfaltarbeidet på Ansnesvegen er starta, og stille spørsmålet når resten av vegen blir asfaltert?

Det er nemleg stort behov for fast dekke på Ansnesvegen.  Store tømmerbilar til MøreTres anlegg, Ansnessaga, køyrer dagleg gjennom Todalsøra og utover etter den smale grusvegen til Ansnessaga. Det dreier seg om 1-2 kilometer som i dag er grusveg, og sjølvsagt er det problem for tungtransporten på denne vegstrekninga  i vårløysinga kvart år.

Publisert: 15. oktober 2012, 18:24