Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Naudstraum på plass – offisiell overlevering

Jon Olav Ørsal Måndag 20. juli 2015

Det nærmar seg no 2 år sia raset som isolerte Todalen heilt eit par døgn. Erfaringane frå den gongen viste kor avhengige vi er av straumen og kor opprådd ein blir i slike situasjonar. På butikken stoppa kassasystemet, kjøle- og fryseanlegg stoppa opp og maten tina og vart øydelagt, og det vart umuleg å få opp frå bensin og diesel frå drivstoffanlegget. Dette sette innehavar Terje Nordvik på tanken om å installere eit skikkeleg naudstramanlegg til butikken. Måndag var det offisiell overlevering av det nye naudstraumanlegget som er eit spleiselag.

Straumløysa skapte store problem både for butikken og for folk flest som ikkje fikk lada telefonar og datamskiner, og bygda var praktisk talt totalt isolert frå omverda det første døgnet etter rasert. Derfor har vi no investert i eit naudstramanlegg som sikrar alle drifta her. Dersom noko skjer så har vi straum både til eiga drift, og kapasitet både til også å hjelpe bygdefolket og naudetatar som treng straum til sitt utstyr – og til saniteten som har beredskapsavtale med kommunen.

DSC_0586

Anlegget kan levere 80 kw og er levert frå Krigsvoll AS. Her er Terje Nordvik saman med Jan Ketil Berg frå Krigsvoll. Foto. Jon Olav Ørsal

Det nye naudstraumanlegget er eit spleiselag med ei  investering på totalt kr 215.000, der Merkur-programmet har gått inn med halvparten av kostnadane, og i tillegg har Svorka Energi støtta prosjektet med kr 30.000. Sjølv står Matkroken Todalen for resten av kostnaden – ca 77.000. Surnadal kommune såg seg ikkje råd til å delta på prosjektet, og i sakspapira vart det begrunna med at det ville bli konkurransevridning, fortel Nordvik.

Måndag var det overlevering av utstyret som er levert frå Krigsvoll AS og sjølvsagt prøvekøyring med ein simulert straumstans. – etter nokre sekund starta anlegget automatisk og overtok straumleveransen til butikken og sjølv med eit lite sikringsbrot var både kassasystem og andre funksjonar operative etter nokre få minutt. Naudstraumanlegget kan levere opp til 80 kw, og har automatisk styring. Når straumen kjem att fasar det seg ut og stoppar etter nokre minutt, fortalte Jan Ketil Berg frå leverandøren.

Stig Olsson frå Merkur-programmet får sprette kaka, medan Terje er servitør. Foto: Jon Olav Ørsal

Dette er veldig viktig utstyr for ein butikk i ei avsides bygd, kommenterte Stig Olsson frå Merkur-programmet. – Du sikrar verdiar, samtidig som du er med og sikrar mat- og drivstoffleveransar i ein krisesituasjon. Men det er dessverre kostbart utstyr, og det er difor fint at fleire kan ta del i finansieringa av slikt utstyr. Vi i Merkur-programmet skal være ei utstrekt hand til utkantbutikkane og hjelpe til med finansieringa av utstyr som dei elles ikkje har råd til å kjøpe. Matkroken i Todalen har også fått støtte til nytt kjøl- og fryseanlegg og til klimaanlegg i butikken, noko som er heilt naudsynt for å kunne drive effektiv butikkdrift i dag, seier Olsson.

Ellbjørg Haugen Larsen som representerte Svorka Energi var einig i at det er god økonomi også for det lokale e-verket at kundane sikrar seg på denne måten. – Vi er sårbare, som berre har ei linje for straumleveranse inn til Todalen – og dersom noko skjer med den.

– Og namnet på det nye «kraftverket» blir sjølvsagt «Hals kraft», og selskapet blir sjølvsagt Member of Halsgruppen i likheit med HalsOil, gliser den nye kraftprodusenten!

DSC_0596

Magnus Saltrø er elektrikar hos As Elektro og har vore med på monteringa – og ordna med «prøvestansen». Foto: Jon Olav Ørsal

 

 

Publisert: 20. juli 2015, 15:21