Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Natursti og gaveutdeling

Natursti og gaveutdeling

Elinor Bolme Tysdag 25. september 2012

I kveldinga var det klart for natursti og kveldsmat i Sanitetshuset. Dette har opp i gjennom åra vorte ein populær tradisjon som Todalen Sanitetsforening arrangerer, noko det må seiast at det vart i år også. Rundt 50 mann med smått og stort møtte fram for å delta på både natursitien og det sosiale etterpå. Ikkje riktig alle tok turen om Løfta, men dei 37 som gjorde det, fekk bryne seg på 12 varierte oppgåver.

Etter at alle var ferdige med naturstien, vart det servert kveldsmat og frukt inne i Sanitetshuset før det vart premiering av naturstien, med påfølgande loddsalg og trekning av dette. Ellers var barnehagen med både ungar og tilsette spesielt invitert denne kvelden, då dei tidlegare i haust hadde sett opp ei lita ønskeliste til Todalen Sanitetsforening. Dei har fått litt mindre areal å boltre seg på i kvardagen, etter at elevantalet på Oppvekstsenteret vart vesentleg auka frå i haust. Derfor må barnehagen litt meir ut på tur og hadde i den anledning ønska seg både småsekkar, sitjeunderlag og store sekkar til personalet.

Jorunn Nordvik og Ruth Hilde Kvande fortalde at dei allerede hadde fått småsekkar til alle ungane frå Surnadal Sparebank, medan dei i kveld fekk overrekt 20 sitjeunderlag frå Amfi Drift AS og 2 Arc’teryx sekkar frå Todalen Sanitetsforening. Dei gledde seg til å ta dei i bruk på tur allerede i morgen. Og vi vart lova bilder frå utfluktene deira for å sjå utstyret i bruk!

Under er nokre bilder frå kvelden. Alle foto: ElinorB

Publisert: 25. september 2012, 21:26