Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Når går Hønhalsen…?

Jon Olav Ørsal Fredag 10. juli 2015

Normalt går hønhalsen over i juni, enkelte gong tidleg i juni og det kan sågar skje i slutten av mai. Kva som er normalt veit ikkje vi, men kanskje mot midta av juni ein gong? Mot normalt er det iallfall i år, for i dag skriv vi 10. juli – men no er det straks før at det skjer, ser det ut til! Følg med!

Det er eit gamalt segn som seier at når hønhalsen er gått over, så kan du starte badesesongen – da er det akseptabel badetemperatur. Det er vel eit merke på kor mykje snå det er att i fjellet og kor mykje smaltevatn det er i elva.

I fjor var det rundt 10. juni, men vi skal ikkje lenge attende enn til 2013 for å finne 13. juli som dato.  I 2013 var det nemleg mykje snø i fjellet.

Publisert: 10. juli 2015, 14:21