Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Når går «hønhalsen» av

Jon Olav Ørsal Sundag 5. juli 2020

«1000-kronersspørsmålet» på denne tida av året er nok når «Hønhalsen» går av.  Langt oppe i Blåfjellet er det ein snøflekk som er forma som ei kvit høne.  Etter kvart som den smelter ned blir det synleg eit hakk i halsen på denne høna. Eit gammelt ordtak er at når denne halsen går av, så er det fritt fram for å bade i sjøen.

Det har nok med at når snøsmeltinga er komen så langt at hønhalsen går av, så er snøsmeltinga komen så langt at den ikkje påverkar badetemperaturen så mykje lenger.  Likevel er det kvart år litt tipping ute og går – mer eller mindre kvalifisert. I år er Hønhalsen seint ute, og det har nok si årsak i at det har vore mykje snø i fjellet.  Enkelte år kan den gå i slutten av mai, medan det er mest vanleg at det skjer i midten av juni.

Nå der vi i allfall at det har vorte hakk i hønhalsen og da spørs det når den går av – vi følgjer spent med!

Først publisert: 5. juli 2020, 21:04 - Sist oppdatert: 6. juli 2020, 07:51