Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Næringslivsdag med solid og variert program

Jon Olav Ørsal Torsdag 5. mars 2020

Surnadal Sparebanks næringslivsdag er vel i hamn, og må vel seiast å være ein suksess. Godt over 200 deltakarar var samla i Storstua da banksjef Allan Troelsen kunne ønskje velkomen til årets konferanse som er nr 19 i rekkja.  Banksjefen kan i år legge fram tidenes beste resultat for banken, og gestikulerte litt med kva som skal til for å lykkes før han introduserte årets konferansier som var Marianne Meløy.

Trollheimslue til Lars Ove Løset som fortalte om framtida for kjøpesentra. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Marianne Meløy er vel kjent for oss alle, både som skodespelar både frå teater og TV, men kanskje beste kjent lokalt for sin opptreden og sitt engasjement i samband med Stangvikfestivalen.  Marianne skrytte av Surnadalsdialekta som ho også prøva seg litt på.  Ho introduserte første innleiar som var Lars Ove Løset, som hadde «Morgendagens kjøpesenter» på dagsorden. Han bidro med interessante tankar om kva framtid butikksentra har og korleis dei skal utvikle seg. Han signaliserte både utvikling og omstilling av dagens butikksenter – ein prosess som alt er i gang i Alti-sentret i Surnadal.

Marianne Meløy og Jan L. Andreassen

Etterpå var turen komen for Jan L. Andreassen, som er sjefsøkonom i Eika Gruppen, og som har «klippekort» til bankens næringslivsdagar. Tradisjon tru hadde han ei interessant innleiing om renteutviklinga i år. Han har ein god evne til å formidle makroøkonomiske tema på ein slik måte at vanleg folk forstår det.

Line Lønning Andresen er sjef for Operaen i Kristiansund. Foto: Jon Olav Ørsal

Line Lønning Andersen var neste post på programmet. Ho er direktør for Operaen i Kristiansund og fortalte om operaen og dei lange tradisjonane som operaen har i Kristiansund, med spesiell vekt på dei 20 siste åra. Det er litt spesielt at Kristiansund har  skaffa seg ein slik posisjon i operamiljøet, og Andersen skrytte av samarbeidet med næringslivet på Nordmøre.

Etter ein lunchpause var det klart for utdeling av Utviklingsprisen for 2019.  Det var sjølvsagt knytt stor spenning til utdelinga av prisen, som ikkje heilt uventa gikk til Svinvik Gard – Kristina og Tore Svinvik – som i fjor etablerte ein ny og unik restaurant heime på garden i Svinvika.

Norge i endring var temaet for Anita Krohn Traaseth som her får bok og Trollheimshuve frå Marianne Meløy. Foto: Jon Olav Ørsal

Så var turen komen til Anita Krohn Traaseth som hadde «Et Norge i endring» som tema for si innleiing og som tok for seg behovet for omstilling til ei ny tid med nye utfordringar. Traaseth er næringslivleiar og kom frå leiarjobb i Innovasjon Norge. Ho presiserte at det no er viktig å ha den rette kompetansen og stor vilje til å «være på» for å omstille det norske næringslivet frå oljerelaterte næringar over til andre næringar og presiserte kor viktig det er å ha trua på det ein held på med når ein driv med omstilling.

lene Trude Solheim kjem frå Ulstein Gruppen. Foto: Jon Olav Ørsal

Vidare var det turen til Lene Trude Solheim som skulle fortelje oss korleis vi skulle skape morgondagens løysingar. Ho kjem frå Ulstein Gruppen, og fortalte korleis dei har jobba med den store omstillingsprosessen dei har gjennomført dei siste 20 åra.  

Ola Borten Moe er driv i dag «småskala» oljeproduksjon gjennom oljeselskapet OKEA. Foto: Jon Olav Ørsal

Elles hadde Ola Borten Moe ei interessant innføring i temaet om bærekraftig oljeproduksjon.  Borten Moe er gardbruka, politiker og oljeinvestor og driv oljeselskapet OKEA – eit lite selskap som han betegna som «bygdesnikkaren» på norsk sokkel.  Eit informativt innlegg som sette oljeproduksjonen i eit perspektiv.

Gjert Ingebrigtsen hadde ei interessant innleiing om korleis ein skal fostre ein verdsmeister. Foto: Jon Olav Ørsal

Siste post på programmet var det Gjert Ingebrigtsen som hadde, med temaet «Korleis oppdra  ein verdsmeister». Han er 7-barnsfar og er trenar og manager for «Team Ingebrigtsen».  Det er nok ikkje noko heilt enkel oppgåve å være både far og manager.  Gjert fortalte om mange episodar og problemstillingar som kunne oppstå – men også viktig i slike samanhengar å ha eit skikkeleg fundament med ein god bedriftskultur. Og så må ein være «All in, alltid».

 

Publisert: 5. mars 2020, 19:41