Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Na karn me håinn….

Na karn me håinn….

Jon Olav Ørsal Onsdag 10. oktober 2012

Ein kronhjort har gått og sprada på ekra fleire kveldar, og han har til om med vist seg fram midt på dagen. Uredd og freidig har han hatt oppvisning for mange, både på Kvennset, på Husby og i Hallagrenda. Har fleire kveldar vore ute på fotojakt, men utan resultat – heilt til i kveld. Eit tips frå Ingri Bruset ga resultat, men før kronhjorten kom i søkaren mørkna det såpass, at det var berre såvidt at det vart resultat.

Sjølv med 6400 ISO vart det i mørkaste laget utan stativ, men eit par-tre bilder vart da såpass at det iallfall går an å rekne takkane. Men bilda er det absolutt forbetringspotensial i, så det er bare å ha kamera klart. Får du brukbare bilde skal vi få vist dem fram. Send oss bilde til redaksjonen på e-post: red@todalen.no .

Fikk til og med bilde da han låg og ørta, på ekra ovafor Austigarden på Kvennset. Men han kom seg fort på føttene og drog innover retning Moen. Største bildet vart teke inni Myrå, frå nåva på Moafjøsa.

Publisert: 10. oktober 2012, 19:38