Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Mykje Stangvikhistorie mellom permane

Mykje Stangvikhistorie mellom permane

Jon Olav Ørsal Onsdag 30. november 2011

Det er ikkje berre todalen Historielag som lagar historiske trykksaker. Stangvik historielag er forlengst på banen med nytt årsskrift for 2011. Heftet har 82 sider, med tilsaman 24 artilar og innslag, – alle med tema frå gamle Stang sokn.  Det er stor spredning i stoffet, og litt for ein kvar smak.  Det er eit par artiklar som omtalar næringslivet i Stangvik kommune, og vidare er det ein omtale av «den Trondhjemske postvei», om skulen på Nordvik, gamle sommarfjøs, konfirmantane i 1961, om gravemaskinene til Grytskog-karane, fløyting i Søyåa og mykje meir.

Elles er det om «Minne frå Mosetra i Søyådalen», «Julekveld i Lånna først på 1900-talet» og eit par dikt etter Peder Østbø finn du også bakerst i heftet. Odin Hals har samla nokre småstubbar med gode historier og skrøner som er komne på trykk. Rett og slett – mykje god og interessant lesnad! 

Redaksjonenkomiteen som har jobba med heftet er Marit Haugen, Odin Hals, Jarle Røkkum og Berit Anne Røkkum. Heftet er til salgs hos ICA Todalen, Joker Kvanne, Joker Ålvundfjord, og på bokhandelen i surnadal og Sunndal. Det kan også kjøpast ved å kontakte enten Einar Grønnes (tlf. 918 94 944) eller Martinus Ranheim (tlf. 976 17 213).

Først publisert: 30. november 2011, 06:00 - Sist oppdatert: 2. mai 2013, 00:02