Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mykje god lokalhistorie mellom permane

Jon Olav Ørsal Fredag 5. desember 2014

Stangvik historielags årsskrift er på plass i butikkane. 60 sider med lokalhistorie frå gamle Stangvik er samla mellom permane, og blir no bydd fram til sals. Stangvik historielag famnar området som fram til 60-talet var ein eigen kommune (unnateke Todalen som har eige historielag) og som derfor har mykje felles historie å ta vare på.

Det er mykje og variert stoff i heftet, og litt av kvart å lese om av både gammel og ny historie, og redaksjonen har klart å lage eit variert utval både geografisk og faglig. Ein del gamal skulehistore finn du i heftet – både frå Årnesskulen, Grytskogskulen og om skulen og idretten. Vidare eit historisk samandrag frå historia til Surnadal Billag og frå arbeidet med byggjinga av Trøndelagslina.

Stangvik historielags årsskrift for 2014 har 60 sider med interessant stoff å by på.

Stangvik historielags årsskrift for 2014 har 60 sider med interessant stoff å by på.

Det er også artiklar om utmarksslåtten og om gjetarminne på Nistusetra, – om kalksteinfrakt frå kalkgruva på Glærum og eit portrett av maskinkøyraren Hallvard Nordvik (Myren) som var ein av pionerane med gravemaskin.  Litt frå aktivitetane i historielaget er også omtala, mellom anna kulturvandringa på Årnes som vart arrangert i sommar – og sjølvsagt mykje meir.

I redaksjonen for årsskriftet har vore: Marit Haugen, Jarle Røkkum, Lars Steinar Ansnes og Grete Aarnes.  Årsskriftet er til sals i følgjande butikkar i området: – Bokhandelen både i Surnadal og Sunndal, Jokerbutikkane på Kvanne og i Ålvundfjord, samt Matkroken i Todalen. I tillegg kan heftet kjøpast hos medlemane i redaksjonen.

 

 

Publisert: 5. desember 2014, 18:07