Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Mykje å gle seg til på kulturhuset i januar.

Mykje å gle seg til på kulturhuset i januar.

Jon Olav Ørsal Torsdag 3. januar 2013

Kulturkalenderen for Surnadal kulturhus er klar, og den inneheld mange godbitar for den som er kulturinteressert. I tillegg til kino kvar onsdag, fredag og søndag, har dei mykje anna å tilby. Vi kan nemne: Laurdag 12. kl 13.00 er det opning av kunstutstillinga Vintersyn i Finstuå. Her er det Kristian Finborud frå Voss som er utstillar. Med teknikker som etsning og aquatint, har han blitt kjent for sine humoristiske motiver, karikaturer av norsk folkesjel, så vel som landskapsskildringer. Her kan du laste ned programoversikten med omtale.

Torsdag 17. januar frå kl 09.00 blir det Næringslivsdag med Surnadal Sparebank som vertskap. Det skjer i Storstuå.  Fredag 18. januar kl 19.00. er det nyttårskonsert med TrondheimSolistene. TrondheimSolistene kjem hit for å halda den 10. nyttårskonserten for oss. Det er stort og ærefullt for oss at dei vil hit år etter år.

26. januar kl 18.00. er det klart for idrettens festkveld. Surnadal idrettsråd er arrangerar, i samarbeide med Surnadal Idrettsvekst. Festkvelden vil bli gjennomført etter inspirasjon i frå den internasjonale Idrettsgallaen. Kommunens idrettsheltar skal hedrast med tre prisar: Årets prestasjon, Årets ildsjel og Publikums hederspris. I tillegg til å heidre lokalidrettens «heltar», blir det lett underholdning undervegs, med lokale talentar.

Publisert: 3. januar 2013, 05:00