Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Onsdag: Musikkveld i Stangvik kyrkje

Onsdag: Musikkveld i Stangvik kyrkje

Jon Olav Ørsal Sundag 20. oktober 2013

Den nye salmeboka, musikktalent, bryllaupstonar og korsong står på menyen når Stangvik kyrkje opnar for ein variert musikkveld onsdag. Allsongen er viktigast – for her skal alle få smake på den nye salmeboka. Både velkjende og nye songar får sleppe til. Todalskoret og Åsskard Kyrkjekor har alt mange nummer frå «Norsk Salmebok 2013» på programmet sitt og gir korversjonar av desse attåt andre korperler.  Rannveig Brøske har vald «Min Salme» og vil kåsere om den. 

Fiolintalentet Kirsten Næss spelar Sonate i F-dur av Händel, akkompagnert av Linda Torvik, som også har eit Chopin-stykke  å by på. Organist Bernt G. Bøe leier kvelden – mest frå flygelet, men inntar også galleriet med utdrag frå den rike bryllaupsmusikken som orgelet har å by giftelystne og andre. Berit Anne Røkkum og soknerådet lovar kaffe etter programmet. Ta turen til Stangvik kyrkje!  Her kan du laste ned plakaten.

Først publisert: 20. oktober 2013, 05:00 - Sist oppdatert: 22. oktober 2013, 08:31