Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Museumsdag med Åsens venner

Museumsdag med Åsens venner

Jon Olav Ørsal Tysdag 26. juli 2011

Søndag 31. juli er alle velkomne til museumssøndag på Åsen Bygdemuseum. Denne gongen er det Åsens Venner, museet sitt venelag, som står for arrangementet. Klokka 13 vil det bli ei orientering om venelagets arbeid med utmarksløa som vart teke ned frå si opprinnelege plassering ved Grytvatnet og sett opp igjen nord for museumstunet i 2008. Det vert ei samling på museet før ein i samla flokk går og ser på løa. Vegstrekninga frå museet til løa er levningar av Den Trondhjemske Postveg som vart etablert i 1787, denne skal ha gått gjennom tunet på Åsen. Ellest kan du vere med på natursti, sjå deg om i utstillingane, og ha ei triveleg stund med kaffe og bakels. 

Prosjektet med å flytte denne utmarksløa som museet hadde fått i gåve var omfattande og arbeidssamt. Her har det vorte lagt ned mange arbeidstimar, og mange har stilt opp for å få dette realisert.

Denne dagen vil altså venelaget vise seg fram. Dersom du er interessert i museumsarbeid og lokalhistorie, og kanskje kunne tenkje deg å vere med i Åsens Venner, har du denne dagen høve til å få vite litt meir om laget og kan og melde deg inn om du har lyst. Åsens Venner ønskjer seg nye medlemmar, både kvinner og menn, i alle aldrar, som kan bidra til meir aktivitet i laget.

Opningstid frå 12.00-16.00.
Kl. 13.00 : Orientering om markaslått + høyløa frå Tjønnslettet.
Kaffesal + bakels heile dagen, og natursti med innlevering klokka 15.30.
Bill: Born 20/ Vaksne 50

Åsens Venner og Surnadal Museum ønskjer alle velkomne til ein innhaldsrik og triveleg dag på museet !

Først publisert: 26. juli 2011, 20:00 - Sist oppdatert: 25. juli 2011, 20:30