Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Til Mulneset på tur

Til Mulneset på tur

Vidar Sogge Laurdag 13. oktober 2012

Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag var torsdag 11. oktober på tur til Søyset og Mulneset. Søyset har ei stor stor stuebygning, ikkje rart sidan garden i 1814 vart lagt ut til embetsgard til futen,  og da kom det godt med at Søyset er ein stor skogsgard.Etter at vi hadde passert gjennom tunet på Søyset, gjekk vi eit stykke langs ein skogsbilveg, som etter kvart gjekk over til traktorveg og til slutt ein idyllisk sti dei siste metrane ut til Mulneset.

 Idéen om ei bru frå Mulneset til Røkkumsida, som ei løysing på fergefritt samband mellom Surnadal og Sunndal, har enkelte gonger dukka opp i media. Men i dag kunne vi framleis sjå ferga som gjekk i skytteltrafikk mellom Kvanne og Rykkjem. Neste veke går turen til ”Buret på P-øra” i Bøfjorden.

Her har vi eit stort galleri med mange finvêrsbilet frå turen til Søyset og Mulneset.   Foto: Vidar Sogge

Publisert: 13. oktober 2012, 19:47