Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mulig periodevis stengt veg

Elinor Bolme Tysdag 30. september 2014

I morgon kan det bli periodevis stengt veg etter innkjøringa til Sissigrenda, melder Kjetil Rønning i Veidekke Industri AS. Stikkrenna som vart utskifta der i forrige veke må senkast ytterlegare og for at dette skal bli gjort unna snarast rå, kan det bli behov for stenging i korte periodar fortel han.

Frå raset og innover bygda har kanskje fleire fått med seg at desse avgravingane kjem litt stums på, da dei ikkje er merka på noko vis. Derfor er dagens gladnyheit at desse blir asfaltert  i løpet av denne veka. Det vil betre vegstandarden noko, men på langt nær til å komme innunder «bra».

 

image

Ved «Elskarberget» har kanskje fleire fått seg ein overraskelse? Ei snau veke med slitasje har gjort at denne utgravinga no er tåleleg bra mot kva den var dei første dagane.

Publisert: 30. september 2014, 10:53