Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Gammelskulen  for  1  krone.

Gammelskulen for 1 krone.

Elinor Bolme Onsdag 23. februar 2011

På Trollheimsporten kan vi lesa at Formannskapet i Surnadal har gått inn for at Gammelskulen skal selgast  for 1 krone til «Gammelskulen lokalhistorisk og flerkulturellt senter». Dette etter at ei interimgruppe tilhøyrande dette nye laget i Todalen sjølv har foreslått det. Saka har no vore oppe i formannskapet, og etter kva Trollheimsporten skriv, så vart dette einstemmig vedteke, lell om ikkje alle politikarane hadde tru på tiltaket. Saka går så vidare til kommunestyret i mars, for avgjersel og endeleg vedtak.

Talgø var tidlegare på banen for å få kjøpa huset for atskillig meir enn ei krone , men fekk avslag frå Surnadal kommune, då tilbudet kom utaom den opne marknaden.

Les heile saka på Trollheimsporten.

Først publisert: 23. februar 2011, 10:24 - Sist oppdatert: 13. desember 2011, 13:04