Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Motivert til å satse vidare på nasjonalt nivå!

Elinor Bolme Onsdag 13. mars 2019

Rando-VM i Villars, Sveits nærmar seg slutten der dei i dag har konkurrert i greina vertikal. Todaling på startstreken også i dag, med gode prestasjonar i ei krevande løype. Dagens trasé var kanskje ikkje heilt etter «malen» som Todalen IL brukar, fortel Gudmund Kårvatn frå hotellet i Villars. – Traseen var til tider veldig bratt, og dertil veldig slak i andre parti, fortel han. God teknikk på diagonalgang var eit fortrinn, og ikkje minst valg av feller. Her vart det derfor lurt å velgje feller med god glid, framfor godt feste.

Her er det inspeksjon av traseen saman med langslagsleiar Mikkel Frodahl.

Klare til start.

Erik endte til slutt på ein 29. plass i dagens løp, 5 minutt og 15 sekund etter heimefavoritt Robin Bussard. Edvard Solli Sætran endte etter eit forrykande spurtoppgjør mot greske Arkadis på ein 41. plass. Erik er fornøgd både med dagens renn og opphaldet sett under eitt. Det har vore ein stor opplevelse med eit bra gjennomført arrangement som heilt klart gjer dei ferskaste utøvarane er veldig motiverte til å satse vidare, fortel Gudmund. Erik og Edvard frå Torjulvågen er dei aller yngste i landet på dette nivået, og dei har vore godt ivareteke av landslagstroppen under opphaldet i Sveits. Mykje lærdom har vorte overført til dei unge gutane frå ei litt meir erfarent seniorgruppe. -Veldig bra konkluderer Gudmund.

Stort startfelt der det lett kan oppstå litt komplikasjonar. Erik var uheldig å miste staven frå start, og måtte snu for å plukke den opp att. Mista kanskje litt tid, men ikkje meir enn at han tok det inn att etterkvart.

Juniorane let seniorane få førsteretten ved starten og legg seg litt i bakkant før ei eventuell opphenting blir iverksett.

Vegard Øie vart beste norske senior i dag med ein 19. plass. Her blir han heia i mål av den norske gjengen. 

Bjellene i Villars var hakket større enn i Dalalia. Alle foto Gudmund Kårvaten, forutan hovedbildet som er teke av Skitrab.

Juniorane er ferdige med sine renn, medan nokre av seniorane stiller til lagkonkurranse på fredag. Det betyr heimreise, kvardag og nye treningsøkter for å bli enda betre til neste uttak.

 

Publisert: 13. mars 2019, 23:37