Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Møte om gudstenesteordninga

Jon Olav Ørsal Tysdag 6. juni 2017

Torsdag kveld kl. 19.30 vert det ope møte på kyrkjelydshuset på Skei om gudstenesteordninga som er i bruk i kyrkjelydane. Det er sokna Stangvik, Todalen og Åsskard som skal vurdere si ordning for hovedgudsteneste som vart vedteke og teke i bruk for nokre år sidan.
Fungerande sokneprest i Stangvik, Torbjørn Brøske vil gå gjennom ledd for ledd i gudstenesta og inviterer til meiningsutveksling: Kva fungerer bra og kva kan/bør endrast? – alt innafor dei rammer som er gjevne sentralt frå liturgikommisjonen. Som kjent er det mange alternativ å velge mellom innan kvart hovedledd i gudstenesta. Sokneråda i Stangvik prestegjeld er inviterte, likeså medlemmer i tidlegare gudstenesteutval, men også «vanlege» kyrkjegjengarar (frå alle sokn) er svært velkomne. Sjøl om eventelle tilrådde endringar vil gjelde berre sokna i Stangvik prestegjeld, er alle interesserte velkomne til møtet. – Prest og sokneråd er interesserte i innspel og synspunkt frå alle. Her skal vi lytte og lære, seier Brøske. Sokneråda vonar mange vil kome og delta i samtalen.

Publisert: 6. juni 2017, 12:31