Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Møt faren til «Jordmoren»!

Steinar Hasselø Sundag 19. august 2018

Sverre Årnes er av dei mest produktive og mestseljande norske forfattarane gjennom tidene. 22. august kjem han på «Onsdagstreff» på Surnadal kulturhus.

Surnadalingen har gjeve ut kring 140 bøker og dei aller fleste av desse er såkalla serieromanar. Og det er vel rimeleg godt kjent at dei aller fleste av desse igjen er gjeve ut under psevdonymet «Sigrid Lunde».

«Jordmoren» er den lengste serien surnadalingen har skrive, og den er på totalt 66 bøker. «Lokketoner» (12 bøker) er ein slags forløpar til denne, mens «Hjertets røst» (der den 24. og siste boka i serien kom ut nyleg) har lagt handlinga til etter «Jordmoren». Handlinga i bøkene er lagt til eit område som ein, som surnadaling, kan kjenne seg godt att i.

Sverre vil på «Onsdagstreffet» snakke om serieromanar generelt og eige forfattarskap spesielt. Og han tek meir enn gjerne mot spørsmål frå publikum, anten de lurar på kvifor han valte å kalle seg «Sigrid Lunde», korleis han veit så mykje om jordmødre, kva andre bøker han har skrive – eller heilt andre ting …

«Onsdagstreffet» 22. august kl. 1300 er støtta av «Den kulturelle spaserstokken», og ein får både kaffe og kakestykke på inngangsbilletten.

 

Først publisert: 19. august 2018, 07:00 - Sist oppdatert: 8. august 2018, 11:21