Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Moderat laksesesong er slutt i kveld…

Jon Olav Ørsal Tirsdag 15. august 2017

Årets sesong for laks- og aurefiske i Toåa er slutt i kveld 15. august kl 24.00.  Årets sesong er ikkje noko å skryte av, men er heller ikkje av dei dårlegaste, seier Ola Bruset som er leiar i Todalen Elveeigarlag. Nå er det tid for å levere inn fangstrapportane, slik at vi får skikkeleg oversikt over årets sesong.

Ein moderat sesong er slutt, konstaterer leiar i Todalen elveeigarlag, Ola Bruset.

Elveeigarlager ber om at alle leverer fangstrapport innen utgangen av august – det skjer på Todalshytta eller hos Matkroken i Todalen.  Alle som leverer innen 31. august får att kr 100 for utlagt depositum.

Det er enno for tidleg å uttale seg om resultatet av årets sesong, seier Bruset. Men fangstar som er innrapportert så langt tyder på ein nedgang frå i fjor. Vannstanden i Toåa var lenge bra for fisket, og på juli var det også ein flaum, medan dei siste vekene har vært lite vatn og lys elv. Elles rapporteres det at det er bra med fisk i elva, men lite bitt, seier Bruset. Starten på sesongen var imidlertid eventyrleg, med eit titals storlaks alt første dagen. Tysdag 15. augst kl 24 er det altså slutt for i år!

 

Publisert: 15. august 2017, 20:00