Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mobilt teater gjorde suksess på Svisholmen

Jon Olav Ørsal Laurdag 30. juli 2016

At Luftforsvarets Musikkorps har stor sjangerbredde har vi forlengst oppdaga, men dei går heller ikkje av vegen for å være med på litt artig og uhøgtideleg underhaldning. Laurdag ettermiddag deltok korpset i teaterforestillinga Musika Mobile saman med Cirka teater på Svisholmen til stor fornøyelse for både store og små.

Dirigent Torodd Wigum er nok vant til å skape musikk, men ikkje med speldåse, kanskje? Foto: Jon Olav Ørsal

Ein buss som var innreia som ei stor speldåse gjorde innramminga til friluftsteateret som var laurdagens tilbod til dei minste. Dei skapte litt dramatikk da bussen kom brasande, og køyrde inn i korpset som måtte rømme unna – og laga mykje styr som dei minste sette stor pris på. – Men kanskje dei aller minste tykte det var godt å ha ei trygg hand å halde i. Mange speillopper og påfunn vart det iallfall gjennom den timelange forestillinga på Svisholmen.

DSC_3214

Det var mange store og runde auger blant dei minste når det var på det meste med styr og leven. Foto: Jon Olav Ørsal

Bildeglimt frå Musika Mobile med Cirka teater og Luftforsvarets musikkorps.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 30. juli 2016, 21:54