Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mo kyrkje – Inviterer til tysk gudsteneste

Jon Olav Ørsal Laurdag 18. juli 2015

Komande søndag er det kveldsgudsteneste i Mo kyrkje. I seg sjølv er ikkje det så spesielt, men det som er spesielt er at den blir tyskspråkleg. – Alle er sjølvsagt velkomene til gudstenesta, men vi har her hatt tyske turistar, tyske laksefiskarar og tyske fastbuande i området i tankane, seier Heidi Fugelsøy i Mo sokneråd.

Tanken slo oss da vi arrangerte fleirkulturell gudsteneste for ei tid tilbake, noko som var stor suksess. Og det er da heller ikkje så rart at det forslaget kom, for Anne L. Moen som er kasserar i soknerådet kjem frå Tyskland, men har budd i Øvre Surnadal sia 1989. Organisten er også tysk. Silvio Krauss har budd her sia 1998, og han seier det mange med tysk opphav som bur i området, og vi tenker også på at det kan være godt for dei å høyre ei gudsteneste på sitt eige språk for ein gong.

TyskGudsteneste_0557

Det blir ei språkleg utfordring, men det går bra, seier sokneprest Vidar Rygh. Frå venstre sokneprest Vidar Rygh, Heidi Fugelsøy, organist Sivio Krauss og Anne l. Moen. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Sokneprest Vidar Rygh skryter av soknerådet, som er dyktige til både å tenke nytt og å tenke på alle i bygda. – Det blir nok ei utfordring å halde gudstenesta på tysk, seier han, og antyder at det nok blir nødvendig å pusse litt på tysken frå studietida. Men det går nok bra, legg han til, og fortel at gudstenesta blir som ei vanleg norsk gudsteneste med den vanlige liturgien – berre at den blir tyskspråkleg.

Ein tur til den gamle kyrkja er ei oppleving i seg sjølv – Mo kyrkje er ei av 5 såkalla Y-forma trekyrkjer i Noreg og vart bygd i 1728 og har mykje gamal innreiing i barokkstil.

Kveldsgudstenesta i Mo kyrkje startar kl 19.30, og etter gudstenesta blir det ein enkel kyrkjekaffe og tid til litt prat om laust og fast. Og som sagt så er alle velkomne, seier Fugelsøy til slutt.

 

Publisert: 18. juli 2015, 08:45