Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Misjonsfest med jubileum

Misjonsfest med jubileum

Jon Olav Ørsal Måndag 31. januar 2011

Søndag kveld innleia Todalen sokneråd 150-årsjubileet til Todalen kyrkje med misjonskveld i kyrkja. Dei diska opp med eit variert program, som vart avslutta med kyrkjekaffe til heile festlyden. Ledar i soknerådet, Ildri Øyen ønska velkomen og introduserte opplegget for kvelden, og las frå prologen som Leif Halse skreiv til 100-årsjubileet i 1961. Bernt Bøe tok eit raskt tilbakeblikk på historia til kyrkja, som vart bygd i 1861 og innvigd 11. september i første omgang som anneks. I 1876 vart ho utvida og Todalen vart eige sokn. I 1890 vart ho vigsla på nytt, slik som ho står i dag.

Vidare var det song med Bjørn Hovde (sokneprest i Nesset), og han la for dagen ein både fyldig og kraftfull song, og hadde med seg Bernt Bøe på piano. programmet fortsette med «Tonar frå Bedehuset», der Karen Oddny og Sigfred Gravvold song saman med Oddmund Solem på trekkspel. Bjørn Hovde heldt tale for dagen, og han tok utgangspunkt i altertavla med motiv frå Jesus og læresveinane som metta 5000 med 2 fiskar og 5 brød.

 Så fekk vi ei orientering me Einy og Lovise om dei to misjonsforeiningane i Todalen, «Gammelforeninga» som er 165 år, og «Sjømannsforeninga» som er 102 år, før Todalskoret framførte tonar frå misjonsmarka «Thuma mina & Masithi» og «Amen». Programmet fortsette med orientering om Samarbeidsrådet for Menighet og Misjon (SMM) med Ildri Øyen. Vidare hadde Einy eit intervju med Margrete Hals, som fortalte frå arbeidet i «Gammelforeninga» og om misjonsarbeidet elles. Ho var ledar i Gammelforeninga gjennom 40 år, før ho takka av og ga klubba vidare i 2010.

 Bjørn Hovde viste også at han kunne meir ennå tale og synge. Saman med Bernt Bøe på piano,  framførte han folketonar frå Todalen på blokkfløyte. Elles var det allsong og opplesing før Todalskoret runda av det heile med «Å ver hjå meg» og kyrkjekaffen vart servert.

Nedafor finn du eit bildegallerie frå jubileumsfesta.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 31. januar 2011, 00:30