Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Minimalt med snø, men mykje bakels!

Elinor Bolme Sundag 3. mars 2019

Lukta av nystekte bakels bredde seg frå gapahuken på Tjønnmyra på formiddagen i dag når skigruppa i Todalen IL inviterte til barn i løypa. Kombinasjonen med Wasaloppet, 50 km menn i Seefeldt, og minimalt med snø i bygda gjorde nok sitt til at deltakinga ikkje var den aller største. 

Julia Halle i skigrupa sørga for bakels til alle saman. Kaffe og saft var det også rå å få.

Ungane kosa seg både på ski, til fots og med akebrett trass i lite snø både på og utanfor skiløypa. Skimulegheitene syng no på siste verset, da fleire parti i skiløpa er kommet ned på grusen. Gjengen i skigruppa reknar derfor med at neste søndag blir eit arrangement i klatreløypa i staden. Og kanskje ein runde rundt terrengløypa om den er snøfri.

Under er nokre bilder få dagens arrangement på Tjønnmyra. Alle foto: ElinorB

Publisert: 3. mars 2019, 17:13