Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Minibussen fraktar båtpassasjerane

Minibussen fraktar båtpassasjerane

Elinor Bolme Onsdag 7. august 2013

Surnadal kommune har allerede  i dag satt inn minibuss som går i skytteltrafikk mellom Matkoken/Talgø og Todalen Brygge på Todalsøra i forbindelse med at fergeleiet til MS Førdefjord snart skal oppsettast. Ingen har fått beskjed om dette på forhand, så det hadde vore litt forvirring dei første avgangane etter at dette kom i gang kunne minibuss-sjåfør Dordi Settemsdal smilande fortelje.

Dermed fekk vi på ein kjapp busstur frå Todalsøra til Hals følgande opplysningar: Minibussen fraktar ALLE som skal ta båten frå Todalen. Dette for å sleppe unna parkeringa på Todalsøra. Møt opp minst 10 minutt før oppsett båtavgang. Minibusen tek med seg dei som kjem attende til Todalen på returen.

Parkering blir dermed rundt fabrikkområdet. Ikkje steng for butikken sine parkeringsplassar!

Men, noko som kanskje har vorte litt utydeleg formulert; Minibussen som kjem frå Skei til Svinvika 8.15, 14.45 og 20.45 tek med seg folk i retur inn til Skei igjen.

Stemninga på minibussen var upåklageleg god trass stor trengsel.

Redaksjonen fekk i går kveld melding om at ein liten kommunikasjonsfeil var oppstått: Bussen skulle berre fraktast innover til Todalen i går, og egentleg ikkje starte ruta før fergeleieoppbygginga kom i vegen for skyssbåten. Men sidan skyssordninga allerede var godt i gang, ønska ikkje kommunen nok ei endring.

Først publisert: 7. august 2013, 17:20 - Sist oppdatert: 8. august 2013, 07:18