Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Mimring  i  kaffekroken

Mimring i kaffekroken

Jon Olav Ørsal Sundag 29. september 2013

Kaffekroken er ein sosial og mykje bruka møtestad. Både folk som er på handel på Matkroken L. Hals og andre som vil treffe folk møtes ofte her. Laurdag var ikkje noko unntak, og medan sanitetskvinnene rigga seg til stand ute, var det sjølvsagt «full aktivitet» i Kaffekroken. Men denne dagen vart det skikkeleg mimring og oppfrisking av minner frå gamle dager. Ulf Aas kom nemleg innom ein tur, og for oss som har levd ei stund var det da naturleg å skru tida ein god del år tilbake, og etter kvart kom det fram mange artige historien og episodar frå både 50-, 60- og 70-talet og kanskje enda lenger fram.

Ulf og kona Sigrid var nemleg på ein kort Todalstur med bobilen, og hadde overnatta i Todalen for første gong på eit titals år før turen gikk vidare til Kristiansund. Trondhjemmeren Ulf Aas var eit fast inn i Todalen på den tida, og kom til Todalen så snart det var skuleferie eller påskeferie og trides i lag med ungdommane i Todalen. Om sommarane var Ulf fast onnakar på Bruset, samman med Nils Øyen.

For å gjera historia kort, så var det faktisk bestefaren til Ulf, Reidar Stokkan som kom først til Todalen. Han var involvert i kraftproduksjonen som Talgø hadde ved Storfossen, og seinare utbygginga av Todalen kraftlag sist på 50-talet. Dermed oppdaga også foreldra Frank og Dagreid Aas Todalen og todalingane. Ulf beretta om feriane i Todalen på den tida. Først i Målastua på Kårvatn, og seinare i det gamle Kokkhuset ved Vassosen.  Etter kvart vart det også tid for å etablere seg meir permanent, og midt på 60-talet bygde foreldra  hytta Sissibu bygd på Kvennset.  No er det søstra Elisabeth som har Sissibu, og hytta er i disse dager under full renovering.

Det er kanskje ikkje alle historiene som egnar seg på trykk, men Ulf humra godt når han fortale om «den gongen» han vart utvist under ein fotballkamp på Bordholmen. Ulf spelte fast på laget til Sverresborg i Trondheim, og var nok ei kjærkomen forsterking av guttelaget til Todalen. Men medlemskap, forsikringar og så vidare var sjølvsagt ikkje ordna, og midt i kampen vart Ulf utvist av den myndige dommaren. Årsaka var at han snakka trønderdialekt!  Dommaren skjønte sjølvsagt at papira ikkje var i orden.

Vi seier takk for besøket og velkomen igjen!

Publisert: 29. september 2013, 10:19